torsdag 28. august 2008

norskoppgave, just for savin'

Når eg tenkjer på kva som er ein god ven, kva som gjer ein ven til ein verkeleg god ven, då tenker eg på Jeanette. Ho var ikkje bare ein vanleg ven, som var der når andre var dumme eller som sendte postkort frå fjerne steder hun reiste til. Som den gong ho reiste til Vikedal og sendte kort med sommarhelsing til litle meg heime i Haugesund. Ho var der òg når eg vart sjuk, men ho var der også alltid elles. Me spilte Nintendo i lag, stal sjokolade frå skapet til mora, hoppa strikk og erta ungar med briller. Aller mest hugsar eg den gongen eg kasta ein snøball på den småtykke guten i klassen og fekk parade. Eg fekk beskjed om å møte på skulen lenge før fyste time neste dag for å sitje på rektor sitt kontor og føle skam. Neste morgon sto Jeanette utanfor døra og hadde planar om å fylgje meg. Me skulka i lag, sendte lappar i timane og erta ungar som hadde sko med borrelås. Eg tykkjer at det som gjer ein ven til ein veldig god ven, er at venen likar ideane dine, og er med på dei. Ein god ven vil vere dum i lag med deg, så du slipper å vere dum åleine.

5 kommentarer:

Aida sa...

eg kunne ikkje vore/vert(? Nynorsk er ikke min sterke side, men jeg prøver) meir enig!

Mynte Valkyrje Poirot, sa...

Awh. <3

Kristin sa...

søtt :)

Pluto sa...

<3 Herligt å lesa om vennskap! :D

Anonym sa...

eg savne odablogging :)